Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Jaktcruise på Eikesdalsvatnet fredag 9. juni

Nokre av deltakarane på jaktcruiset 2016

Nesset Fjellstyre arrangerer det årvisse jaktcruiset på Eikesdalsvatnet fredag 9. juni. Start frå kaia på Øverås kl. 1930. Det vert program, trekking av søknader på reinskort, loddsal, grillmat m.m. Fleire opplysningar seinare.

Strukturtelling 2016

Det vart under strukturtellinga i Snøhetta vest 4. og 5 oktober funne i alt 313 dyr. Av desse var 215 dyr i Stordalen og 98 i området ved Skageosen og Fagerbotnen. Strukturen syner at det var 25 % bukk i flokken (11 % vaksen bukk, 6 % kluftbukk og 8 % ungbukk), omlag 46 % simle og 27 % kalv. Dette er stort sett som normalt. Det var nysnø og svært gode forhold under tellinga. Seinare i oktober vart det observeert ein flokk på omlag 270 dyr under Storslågan. Denne flokken passerte Aursjøvegen ved Stordalskulpen og drog sørover laurdag 22. oktober.

Fellingsrapport for rein i Snøhetta 2016

Det vart ei felling på 57,2 % på Snøhetta vest og ei felling på 49,4 % i Snøhetta aust under reinsjakta 2016. Ved å sjå på tala for vest ser ein at Sunndal hadde ei felling på 30,4 %, Rauma 59,3 %, Nesset 59,7 % og Lesja 60,0 %. På Snøhetta aust var tilsvarande tal Sunndal 54,1 %, Oppdal 43,8 %, Lesja 49,5 %, Dovre 48,3 %, Nesset 0,0 %.

Kalvetelling 2016

Kalveteliing vart gjennomført med fly 7-8. juli.  I Snøhetta vest vart det funne tre flokkar med rein i Kjøtåbotnen og Stordalsområdet, tilsaman 380 dyr, alle simle/ungdyr og kalv. I alt vart det funne 123 kalvar, noko som gir ein kalveandel pr. 100 simle/ungdyr på 47,9 %. Det er bra. I Snøhetta aust vart det funne 1910 dyr. Her var kalveprosenten 41,6 %.

Samanlikna med andre område så var kalveprosenten i Forolhogna 50, 6 %, Knutshø 39,4 %, Ottadalen Nord 47,8 % Rondane nord 46,0 % og Rondane sør 51,7 %.

 

Reinskort stolne

Det har vore innbrot i Sunndal Fjellstyre sine kontorer og m.a. er 289 reinskort for jaktsesongen 2016 stolne. Det er avklart kven som har gjort ugjerninga, men korta har ikkje kome tilrette. Sunndal Fjellstyre melder at fylgjande nummerserier ikkje er gyldige: 287738 til 287794, 288009 til 288064, 287439 til 287503,  287053 til 287138, 287521 til 287524, 287504 til287520, 287803, 288072, 287535,287149.

Ved tilbod om kjøp av jaktkort frå desse nummerseriane ber vi om at de umiddelbart tek kontakt med Sunndal Fjellstyre (71689985/41459647), eller politiet.

Nesset Fjellstyre freder småviltjakta i 2016

Nesset Fjellstyre har gjort vedtak på at det ikkje vert opna for småviltjakt i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning i 2016. Dette avdi det er stor usikkerheit om storleiken på småviltbestanden. Frå før har Sunndal Fjellstyre og Eikesdal Sameige gjort tilsvarande vedtak.

Nesset Fjellstyre vil presisere at denne fredinga er for eit år. 

 

Trekning av jaktkort på rein 2016

Under jaktcruiset på Eikesdalsvatnet 17. juni vart det foretatt trekning av jaktkort på rein i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning hausten 2016.

Snøhetta vest.

Fritt dyr: Knut Arne Bugge, Elsa Hoem, Bjørn Nauste, Olaug Øverås, Tore Rød, Ivar Bergseth.

Kluftbukk: Roy Lange, Stian Sæter, Tore Morstøl, Tor Bugge,

Simle/ungdyr: Bård Eiliv Oppigard, Vegard Øverås Lied, Kurt Johnny Bergseth, Bjørn Sigurd Wadsten, Jan Brakstad, Kristian Austigard, Jan Petter Angvik, Inge Sandnes.

Jaktcruise 17. juni 2016

Nesset Fjellstyre arrangerer jaktcruise med MS Mardøla på Eikesdalsvatnet fredag 17. juni. Avreise frå Øverås kl. 1930. Av programmet kan vi nemna foredrag av Iver Otto Gjelstenli om kortreiste opplevingar i indre Romsdal. Marit Wadsten vil presentere den nye boka Eikedalen - det finst berre ein. Det vert trekking av søknadane på reinskort, og det vert loddsal på m.a. ein kluftbukk på vest og ei simle/ungdyr + kalv på aust. Grillmat, dessert og kaffi. Det er skjenkeløyve om bord. Kanskje vert det og ein liten quiz.

Færre jaktkort under reinsjakta i 2016

På årsmøtet i Snøhetta Villreinutvalg vart kvotane for reinsjakta fastsett. I Snøhetta aust vert det ein jaktkvote på 1100 dyr. Dette er 400 dyr mindre enn kvoten for 2015. I Snøhetta vest vert det ein kvote på 180 dyr. Det er det same som i 2015.

Dødlig sykdom påvist på villrein i Nordfjella

For fyrste gang er den dødlige sjukdommen CWD oppdaga i Europa. Den er tidligar påvist på hjortevilt i USA, men aldri før påvist på villrein. I samband med merking av villrein i Nordfjella vart det registrert ei død simle som seinare fikk påvist sjukdommen av Vetrinærinstituttet.

På bakgrunn av dette er det sett i gang auka aktsemd for å avdekke eventuelle nye tilfelle. Dersom nokon finn døde dyr vert dei beden om å seie ifrå anten til Fjelloppsyn, SNO, eller Vetrinærinstituttet.

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no