Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Reinshorn funne på Hoemsbreen i 2014 er 800 år gamalt

Sommaren 2014 vart det av turgåarar som gjekk over Hoemsskaret på veg til Hoemsbu varsla om at dei hadde funne reinshorn like ved skaret. Denne sommaren var det sterk nedsmelting av breane i området. Nokre dagar seinare vart eit av desse horna henta og sendt inn til NTNU Vitenskapsmuseet, seksjon for arkeologi og kulturminner,Trondheim for datering.

Søknad om Jetmanflyging frå Katthammeren avslått av Miljødirektoratet

Miljødirektoratet tek klagen frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til følge og avslår søknad frå Baseheimen om dispensasjon frå verneforskrifta for Eikesdalsvatnet landskapsvernområde for opptil 30 landingar med helikopter frå Katthammeren.

Flygningene kan påvirke verneverdiene nevneverdig, og det er dermed ikkje adgang til å gi dispensasjon etter naturmangfaldloven § 48, begrunner direktoratet avgjørelsen med. Avgjørelsen kan ikkje påklagast.

Minimumstelling 2016 gjennomført

Snøhetta Villreinutvalg gjennomførte minimumstelling av rein i Snøhetta villreinområde 8. mars. På vest vart det funne 593 dyr og på aust 2028 dyr.

Kommunereform og statsallmenningane

Foto: Toril M.Strand

Det er kjent at Nesset og Sunndal kommuner har samtaler om eventuell samanslåing, noko som og kan ha verknad for fjellstyra i dei to kommunane. I den samanheng hadde dei to fjellstyra felles møte 1. februar 2016 i Eresfjord.

I eit felles brev frå Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet av 20.7.2015 står det fylgjande:

"Fjellstyrestrukturen påvirkes ikke automatisk av kommunesammenslåinger.

Nytt fjellstyre for 2016-2019

Nesset Kommunestyre har valgt nytt fjellstyre for 2016-2019. Nikolai Finset held fram som leiar medan Toril Melheim Strand vart nestleiar. Håkon Nauste går ut av det gamle styret. Nesset Fjellstyre takkar eit kunnskapsrikt medlem som no sluttar. Han har vore medlem i Nesset Fjellstyre sidan 1991.

Nikolai Finnset, Eikesdal, leiar. Personleg vara Jon Sæter, Eikesdal

Elser Janne Sæter, Eikesdal. Personleg vara Olav Finnset, Eikesdal

Knut Arne Bugge, Boggestranda. Personleg vara Stig Arild Arvesen, Eresfjord

Fellingsresultat for reinsjakta 2015 i Snøhetta

Fellingsresultatet for reinsjakta 2015 er no klar. I Snøhetta vest vart det felt 91 dyr av ein kvote på 179 dyr. Det gir ein fellingsprosent på 50,84 %. På aust vart det felt 683 dyr av ein kvote på 1500. Fellingsprosent 45,53 %. Samla for heile Snøhetta ein fellingsprosent på 46,10 %.

Dårleg felling under reinsjakta i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Det vart svært dårleg felling under reinsjakta i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. På vest vart det skote 11 dyr av ein kvote på 28. Det gir ei felling på 39,3 %. Det er svært mange år sidan det har vore så lav felling på vest. Av desse 11 dyra vart 9 dyr skote fyrste veka under jakta. På aust vart det skote eit dyr av ein kvote på 9. Det gir ein fellingsprosent på 11,1 %. Jegerane frå Nesset har slite i mange år med å felle dyra i Snøhetta aust, slik og i år. Vike ogHoem Heimraster felte 5 av 7 dyr, og Øverås og Nerås Grunneigarlag felte 2 av 3 dyr.

Kalvetelling 2015

Den 27. juni var det kalvetelling i Snøhetta. Det vart gjort med fly.  I Snøhetta vest vart det funne to flokkar med rein på i alt 289 dyr. Av dette var det 196 simler/ungdyr og 93 kalvar. Ingen bukkar i desse flokkane. Dette gir ein kalveprosent  pr. 100 simler/ungdyr på 47,4 %.  Ein klarer ikkje på flyfoto å skilje mellom simler og ungdyr, og ein må difor telje desse samla. Dei fleste av ungdyra har ikkje kalv. Dette er dyr som vart fødde i 2014.

Trekning av reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning 2015

Nesset Fjellstyre trekte under jaktcruiset 12. juni på Eikesdalsvatnet årets reinskort. Det var i alt 71 godkjente søkjarar. Omlag 90 personar deltok under jaktcruiset, og stemninga var til tider svært høg. Tord Bretten frå Statens Naturoppsyn heldt eit interessant foredrag om moskus. Dette er eit dyr som vi stadig oftare får sjå i våre fjell i Snøhetta vest. Resultat av trekninga kan du lese under.

 

Snøhetta vest:

Fritt dyr: Jan Erik Nerland, Bjarne Sæter, Jon Sæter, Knut Erik Alme

Kluftbukk: Julie Malene Lange, Olaug Øverås, Ole Sandnes

Jaktcruise på Eikesdalsvatnet 12. juni

Nesset Fjellstyre arrangerer også i år jaktcruise på Eikesdalsvatnet 12. juni med avgang frå Øverås fergekai kl. 1930. Av programmet kan vi nemna foredrag om moskus i Snøhetta ved Tord Bretten frå Statens Naturoppsyn. Han er vel kanskje den i Norge som veit mest om moskus. Det vert og trekking av søknadane om reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning.

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no