Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Småviltjakt med hund

Nesset Fjellstyre sel jaktkort for småviltjakt med hund i tre avgrensa område ved Aursjøen. Vi sel to kort pr. periode, som gjeld for alle tre områda. Kort kan kjøpast for perioden man-tor, eller fre-søn. Jaktstart 20. september. Maks to ryper pr. dag. Ta kontakt med Nesset Fjellstyre på mob: 41417374, eller e-post: nesset@fjellstyrene.no for opplysningar om ledige periodar og kart over jaktområda.

Vi praktiserer prinsippet om "førstemann til mølla".

Villreinjakt, brøkdyr

Snøhetta Villreinutvalg selger noen få kort på Snøhetta øst og vest. Kortene selges til høystbydende samlet i enten øst eller vest. Det tilbys kontrakt på tre år. Garantert minimum antall dyr pr. år i Snøhetta øst er: 1 fritt, 2 simler/ungdyr og 1 kalv. Snøhetta vest er: 1 fritt, 1 simle/ungdyr og 1 kalv. Anbud leveres inn som fast årlig sum gjennom tre år. Ta kontakt med Snøhetta Villreinutvalg pr. e-post: sunndal@fjellstyrene.no

Annbudsfrist er 1. juni kl. 2359 (sendes pr. e-post)

Jaktkvotar i Snøhetta 2015

Rein i Gravdalen

Snøhetta Villreinutvalg har fastsett kvotane for reinsjakta i Snøhetta for 2015. I Snøhetta aust er det ein jaktkvote på 1500 dyr, medan det på vest er fastsett ein kvote på 180 dyr. Det er det same som i 2014. Årsaka til at ikkje kvoten på vest vert høgare er at det ikkje er funne meir enn 463 dyr på minimumstellinga i vinter. Kvoten skal endeleg fastsetjast av Villreinnemnda.

Jaktcruise på Eikesdalsvatnet

Nesset Fjellstyre arrangerer fredag 12.6 jaktcruise på Eikesdalsvatnet med motorferga "Mardøla". I år har Iver Gjelstenli lova å kome for å halde eit foredreg om nokre av sine mange opplevingar. Ikkje minst har han mange store opplevingar frå Indre Romsdal og Nesset.

Alle kan fiske med fritt antal garn i Aursjøen

Nesset Fjellstyre har på styremøte gjort vedtak om at alle kan fiske med fritt antal garn i Nesset sin del av Aursjøen. Tidligare har innanbygdsbuande i gamle Eresfjord og Vistdal  kommune kunna fiske med fritt antal garn, medan utanbygdsbuande har fått fiska med tre garn. I Aursjøen er det no god kvalitet på fisken, med gjennomsnittsvekt på opp mot 500 g. Statkraft har og byrja å levere settefisk frå sitt anlegg i Eikesdal, og dermed kan dei igjen setje ut fisk i Aursjøen.

Fangstrapportar 2014

Nesset Fjellstyre trekkjer kvar år to vinnarar av kr. 500 av dei som sender inn fangstrapportar etter fisket og småviltjakta. Vinnar etter sesongen 2014 var Odd Ståle Brude (fangstrapport fiske) og Eivind Stranna (fangstrapport småvilt). For forvaltninga av fisket og småviltjakta er det viktig at vi får inn fangstrapportar. Då får vi betre kontroll med om det skal setjast inn tiltak som t.d. utsetjing av fisk, eller freding av småviltjakta. Nesset Fjellstyre motttok i alt 61 fangstmeldingar etter fisket, og 114 fangstmeldingar etter småviltjakta.

Minimumstelling av rein i Snøhetta gjennomført 14. mars

Det er gjennomført minimumstelling av rein i Snøhetta. Dette vart gjennomført med helikopter 14. mars. I Snøhetta vest vart det funne 4 flokkar på tilsaman 463 dyr. Desse flokkane vart observert i Aursjøhøa (398), Kvita (33), Storhorrungen (18) og Odolshø (14). Alle flokkane i Lesja. Det er i tillegg observert spor av rein i Brønnhøa og ved Storslågan, men desse flokkane vart ikkje talde. I Snøhetta aust vart det funne i alt 2231 dyr. Dei største flokkane vart funne ved Sjongshø (111), Grashø (999) og Drugshø (237).

Felt rein i Snøhetta 2014

Her er eit kart som syner kvar reinen vart felt i Snøhetta 2014. Gule prikkar er rein som vart felt av jegerar med kort utskreve av rettshavarane i Nesset.

Ny regel for kven som kan søkje reinskort

Nesset Fjellstyre har sidan 2011 praktisert regelen om at ein søkjar til reinskort siste året måtte ha vore og framleis vere fast busett i gamle Eresfjord og Vistdal kommune. Fast busett er der ein har sin heim og oppheld seg det meste av sin tid. Dette etter regelverket i Fjelloven. Styret har diskutert den misnøya som har kome fram frå enkelte som har søkt om reinskort, men ikkje fått godkjent søknaden. Vedtak om å forkaste enkelte søkjarar fører ofte til diskusjon, og ein kan møte på tilfelle der det kan vere tvil. Nesset Fjellstyre har difor endra regelen til at "alle som er registrert i folkeregisteret som busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune pr. 1. november året før er søknadsberettiga til reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning".

Fellingsresultatet for reinsjakta i Snøhetta 2014

Her er fellingsresultatet for reinsjakta 2014. Snøhetta øst: Oppdal felt 215 av 369 dyr (58,7 %), Sunndal felt 205 av 492 dyr (41,67 %), Nesset felt 5 av 9 dyr (55,56 %), Lesja felt 229 dyr av 368 dyr (62,23 %), Dovre felt 104 av 156 dyr (66,67 %), brøkdyr felt 6 av 6 dyr (100 %). Samla i Snøhetta øst er det felt 764 dyr av ein kvote på 1400 dyr (54,57 %). Snøhetta vest:

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no