Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Lav felling under reinsjakta i Nesset

Frå Litlefjellet mot Mardalstjern og Børreina
Det var forholdsvis lav felling under reinsjakta i Nesset i år. Det vart felt i alt 32 dyr av ein kvote på 62. Det gir ei felling på 51,6 %. Det er mange år sidan det var så lav felling i Nesset. Av ein kvote på 9 dyr som Nesset Fjellstyre fikk tildelt på aust vart det felt 5 dyr. Det gir ein fellingsprosent på 55,5. Det er eit godt resultat. Dersom ein ser på fellinga til dei ulike rettighetshavarane i Nesset så var det ei felling på 60,7 % i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, 45,8 % på Eikesdal Sameige, 42,8 % på Vike og Hoem Heimraster og 33,3 % på Øverås og Nerås Grunneigarlag.

God kalving i Snøhetta vest

Resultatet av kalvetellinga i Snøhetta er no klart. På vest vart det 2. juli telt i alt 378 simle/ungdyr og 187 kalvar. Dette gir ein kalveprosent på 49,4. På aust var kalveprosenten 42,1. Dette var den lågaste kalveprosenten av alle områda (Forolhogna, Knutshø, Snøhetta, Ottadalen, Rondane, Hardangervidda og Setesdal/Ryfylkeheiane). Dei 566 dyra som vart telt i Snøhetta vest var i tre flokkar, men det vart kun telt ein vaksen bukk. I Snøhetta aust vart det telt i alt 2473 dyr, derav 87 bukkar. Høgaste kalveprosenten var det i Forollhogna med 63,8.

Brefunn i Grovaskardet.

I Grovaskardet som ligg mellom Eikesdal i Nesset og Brude i Rauma er det eit stort fangstanlegg med i alt 8 dyregraver. Her er det og ein liten isbre. Varmen dei siste åra har gjort at mykje av breen har smelta. Laurdag 16. august fann Kirsti Fagerslett og Dag Ringstad ein del trerestar som hadde smelta fram. Mellom anna vart det funne ein trespade, og ein pinne som kan ha vore nytta til ledegjerde. Desse gjenstandane er no overlatt til arkeolog for konservering og C14 datering. Kanskje kan vi med dette finne ut alderen på dette fangstanlegget? Grovaskardet ligg på om lag 1450 m.o.h.

Funn av reinshorn på Hoemsbreen

Hoemsbreen har smelta kraftig dei siste åra. Turgåarar som kom over Hoemsskaret denne veka meldte frå til Arne Vike at dei hadde funne reinshorn på breen. Dag Ringstad, saman med Kirsti og Åsta Fagerslett, gjekk onsdag 23. juli. frå Hoem og opp på breen for å sjekke dette. Det vart funne eit reinshorn, truleg frå ei simle, eller eit ungdyr. Dette var ikkje langt frå stien opp mot Hoemsskaret. Her har breen smelta kraftig.

Vellukka jaktcruise på Eikesdalsvatnet 13.juni.

Omlag 70 personar var med på jaktcruiset som Nesset Fjellstyre arrangerte på Eikesdalsvatnet 13. juni. På cruiset heldt Lars Olav Lund frå Statens Naturoppsyn eit interessant foredrag om uttak av rein på Sør-Georgia. Kring 1915 sette norske kvalfangarar ut 17 rein på øya, og desse har formert seg slik at det har ført til enorm slitasje på vegetasjonen. Denne vegetasjonen er mange fugleartar avhengig av til bruk som reirplassar. På to sommarsesongar har SNO avliva over 6700 rein. Dei veit enno om 8 dyr som dei ikkje klarte å avvlive pga. vanskelig fjellområde, og dårleg ver.

Trekning av reinskort 2014

Her er resultatet av trekninga av reinskort på Eresfjord og Vistdal statsallmenning 2014. Trekning vart foretatt på jaktcruiset som Nesset Fjellstyre arrangerte på Eikesdalsvatnet med MS Mardøla 13. juni. Omlag 70 personar var med på cruiset der vi og m.a. vi fikk eit svært interessant foredrag av Lars Olav Lund frå SNO om uttak av rein på Sør-Georgia.

Snøhetta vest.

Fritt dyr: Lars Tore Frisvoll, Arne Vike, Jostein Øverås, Terje Frisvoll

Kluftbukk: Bjørn Sigurd Wadsten, Vegard Øverås Lied, Gjermund Frisvoll

Trekking av gåver for fangstrapportering

Nesset Fjellstyre trekker kvart år to gåver på kr. 500 mellom dei som sender inn fangstrapport etter fiske og småviltjakta året før. I år kom det inn 20 fangstrapportar etter fisket, og 90 fangstrapportar etter småviltjakta. Desse rapportane er viktig for fjellstyret for vurdering om ein skal setje inn eventuelle tiltak. Det kan t.d. vere utsetjing av fisk, eller avgrensing av småviltjakta.

Ingunn Skiri Willa vart trekt ut som vinnar av kr. 500 etter rapportering av fisket, og Helge Nilsen vart vinnar av kr. 500 for fangstrapport etter småviltjakta.

Søknad om reinsjakt i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Søknadsfrist for reinsjakt i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning er 1. juni. Elektronisk søknadsskjema finn de på vår heimeside under reinsjakt. Søknadsskjema vil og verta utlagd på Coop-Eresfjord, Vistdal S.lag og hjå Knut Arne Bugge og Nikolai Finset. Personar som siste året har vore og framleis er fysisk busette i gamle Eresfjord og Vistdal Kommune (Eikesdal, Eresfjord, Vistdal og Bugge) er søknadsberettiga. Studentar som frameis er registrert med bustad i dei same bygdene kan og søkja. Trekking under vårt jaktcruise på Eikesdalsvatnet 13. juni. 

Jaktkvotar for reinsjakta i Snøhetta fastsett.

På årsmøtet i Snøhetta Villreinutval på Oppdal 2. april vart jaktkvotane for reinsjakta i Snøhetta fastsett. I Snøhetta vest vart kvoten satt til 180 dyr. Der er 40 dyr meir enn i 2013. Det har ikkje lukkast å få til ein god telling på vest i år heller, og difor valgte årsmøtet å ikkje auke kvoten til 220 dyr slik som styret hadde foreslått. I Snøhetta aust vart jaktkvoten sett til 1400 dyr. Det er 100 dyr meir enn i 2013.

Auka jaktkvoter 2014

Snøhetta Villreinutval har lagt fram forslag til jaktkvotar for 2014. I Snøhetta vest er det forslag om ein kvote på 220 dyr. Dette er ein auke på 80 dyr i høve til 2013. For Snøhetta aust er det forslag om same kvoten som i fjor, 1300 dyr.

Snøhetta Villreinutval har og lagt fram forslag om at det vert jakt frå 20. august til 22. september. På vest er det forslag om fellesjakt i heile vestområdet frå mandag 8. september, med fri inngang frå alle områder. På aust er det forslag om jakttid i det indre felles jaktområdet frå 27.8 og ut jakta. 

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no