Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Jaktcruise på Eikesdalsvatnet fredag 13. juni.

Nesset Fjellstyre har bestemt at det også i år vert jaktcruise på Eikesdalsvatnet. Dato er fastsatt til fredag 13. juni med avreise frå Øverås fergekai kl. 1930.

Det vert trekking av reinskort, loddsal av reinskort, fagleg innhald, middag m.m. Pris kr. 300 inkl. middag og kaffi. Påmelding til Nesset Fjellstyre. Meir info seinare.

Auka felling i Snøhetta

I Snøhettta vest vart det fellt 83 dyr av kvoten på 140 dyr under reinsjakta i 2013. Det gav ei felling på 59,3 %. På aust vart det fellt 603 dyr av kvoten på 1300 dyr. Noko som gjev ei felling på 46,4 %.

Ny bru i Mardalsbotnen

Nesset Fjellstyre har fått på plass ei ny bru like nedom demninga i Mardalsbotnen. Dette avdi det ved overløp og store vannmengder har vore problem å krysse elva.

Småviltjakta er godt i gang.

Småviltjakta i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning og Eikesdal Sameige starta 20 september. Det vert meldt om bra med fugl. Det er tydelig at klekkinga i år har vore vellukka for det er registrert store kull.

God felling i Nesset under reinsjakta

Det vart rekordfelling under reinsjakta i Nesset i år. Av i alt 47 fellingsløyve i Nesset vart 40 dyr felt . Det gir ein fellingsprosent på 85,1. Dette gjeld områda i Nesset som ligg i Snøhetta vest.

Trekning av reinskort 2013

Under jaktcruiset på Eikesdalsvatnet 7. juni var det trekning på kven som kan gå på reinsjakt i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning 2013. Omlag 60 personar var med på cruiset og stemninga var til tider høg. Resultatet av trekninga finn de under. Det var og loddsal på reinskort og her vann Gunnar Sæter, Vistdal kluftbukk på vest, og Kristian Finset, Eikesdal simle/ungdyr + kalv på aust.

Horisont Snøhetta tilrår at Reinsvassbu vert flytta.

Rapporten Horisont Snøhetta skriv at områdene ved Reinsvatnet er viktige trekkområde for reinen. Dette må sees i sammenheng med området vest for Holbuvatnet.

Horisont Snøhetta meiner alpinanlegg i Eikesdal kan vere problemfri.

Rapporten Horisont Snøhetta skriv at "en utvikling i dette området som begrenses til liene ned mot Eikesdalen er problemfri med hensyn til villrein".

Horisont Snøhetta ser på reinstrekket Torbudalen-Aursjøen-Dalsida som nasjonalt viktig.

Den nyleg framlagde rapporten Horisont Snøhetta ser på reinstrekket frå Torbudalen-Aursjøen-Dalsida som nasjonalt viktig. Dette for å reetablere reinstrekket mellom aust og vest i Snøhetta. Her er områda mellom Aursjødammen/Tverrberget og Torbuhalsen viktige område.

Horisont Snøhetta.

En tverrfaglig forskergruppe har i en fireårsperiode studert villrein, ferdsel og samfunnsforhold i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og tilgrensende villreinarealer. Målsettingen har vert å lage et presist og godt forankret kunnskapsgrunnlag for fremtidige beslutninger knyttet til infrastruktur, bruk og vern.

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no