Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Få som sender inn fangstrapport etter fisketuren.

Berre fire fiskarar fann bryet verdt med å sende inn fangstrapport etter fisketuren i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning i 2012.

Kvar jeger skaut 0,9 ryper pr. dag under småviltjakta 2012.

Fangststatistikken for småviltjakta 2012 i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning er klar. Kvar jeger skaut 0,9 ryper pr. jaktdag. Det er det same som i 2011 og 2010.

Fylkesmannen fikk medhald i klage på løyve til landing med helikopter på Katthammeren

Direktoratet for Naturforvaltning, som er saksbehandler for Miljøverndepartementet, har gjeve Fylkesmannen i Møre og Romsdal medhald i klage på løyve til landing med helikopter i området Katthammeren i samband med frakting av basehopparar, og filming av reklame for Freia og Red Bull.

Ny telling i Snøhetta vest.

Statens Naturoppsyn saman med Dovre Fjellstyre gjennomførte 24. 25- februar ei ny reinstelling i Snøhetta vest. Det vart i alt funne 539 dyr.

Reinsjegeren i snitt 49 år

Søkjarane til reinsjakt i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning i 2012 var i snitt 49 år.

Reinstelling i Snøhetta.

Snøhetta Villreinutval i samarbeid med Statens Naturoppsyn utførte 10. januar ei reinstelling i Snøhetta. I alt vart det funne 2192 dyr i Snøhetta aust og 289 dyr i Snøhetta vest.

Westbua skal restaurerast.

Westbua i Gravdalen med Gravdalsvatnet i bakgrunnen. Foto: Dag Ringstad

Eikesdal Sameige har teke initiativ til å restaurere den gamle jakt- og fiskebua i Gravdalen. Denne bua, som vart bygd av lesjingar i kring 1900, har forfalle sterkt dei siste åra. Det var engelskmannen Mr. West som finansierte bygginga av bua. Han var ein ivrig jeger og fiskar som budde mykje på Stugufloten.

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no