Felling reinsjakta 2018

I Nesset villreinfelt vart det felt 62 dyr av ein kvote på 139 under reinsjakta 2018. Det gir ei felling på 44,92 %. Jegerane som hadde kort hjå Eresfjord og Vistdal statsallmenning hadde ei felling på 39,69 %, Eikesdal Sameige 59,26 %, Vike og Hoem Heimraster 18,75 % og Øverås og Nerås grunneigarlag 0 %. Fyrste veka vart det felt 27 dyr, andre veka 15 dyr, tredje veka 10 dyr, fjerde veka 9 dyr. Den siste veka med opne grenser vart det felt 1 dyr.

På Eresfjord og Vistdal statsallmenning sitt område i Snøhetta aust vart det felt 3 av 6 dyr. Felling 50 %. I heile austområdet vart det felt 436 dyr av ein kvote på 950 dyr. Det gir ei felling på 45,89 %

I heile Snøhetta vest vart det felt 170 dyr av ein kvote på 400 dyr. Det gir ei felling på 42,5 %.  Sunndal felte 15 av 52 dyr, 28,84 %, Rauma 18 av 61 dyr, 29,5 %, Lesja 74 av 147 dyr, 50,34 %. Det vart felt 1 av 3 brøkdyr. Det vart og felt to dyr med klave.

Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no